Hotel guide

Home > Sogn og Fjordane > Luster > Solvorn
Walaker Hotell
About

The following information is available for Walaker Hotell:

Velkommen til Walaker Hotell og Solvorn si facebookside. Landet sitt eldste hotell ynskjer alle med smaken på det gode liv velkommen inn. www.walaker.com

Velkommen til Noregs eldste hotell! I 2008 vart det bekrefta – Walaker hotell er Noregs eldste. I dag er det 9. generasjon Nitter Walaker som styrer hotellet, som har vore i den same familien sidan 1690. Hotellet har også vore i drift lenger enn som så, men pålitelege kjelder har vore vanskeleg å finna frå før 1600-talet. Innerst i den mektige Sognefjorden ligg den pittoreske bygda Solvorn. Her er det stille og fredfullt, blant høge fjell og djupe fjordar. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen, og utsikten kan alle gjestene nyta godt av, både frå hagen, restauranten og dei fleste romma. Kva med å ta seg ein morgondukkert i fjorden etterfulgt av ein god, norsk bondefrukost med blant anna syltetøy frå hotellet sine eigne plommetrær? I restauranten vår serverar me kvar kveld ein framifrå 4-rettars meny med velkomponerte vinvalg satt saman av vårast smilande, dyktige og engasjerte ansatte. Hotellet har også sitt eige kunstgalleri, med to flotte utstillingar kvar sommar. Her heng det bilete frå både store, kjende namn så vel som litt mindre. Galleriet kan også freista med sine eigne møte- og selskapslokal for dei som ynskjer å ha eit kurs eller ein konferanse i litt andre omgjevnader. Visste du at du brukar minst like kort tid frå Oslo og hit, som til Bergen frå Oslo?? Området elles er kjend for mange sjåverdigheiter. Rett over fjorden finn du Urnes Stavkyrkje, som med historie tilbake til 1100-talet er vedras eldste. I tillegg har me fleire kjende isbrear i nærleiken, flotte fjelltoppar og flott natur, som ligg her og ventar på å bli brukt av alle turglade menneske. Igjen – velkomne skal de vera!

Address

Walaker Hotell can be found at the following address:

6879 Solvorn
6879
Map

Check the map to see where you can find Walaker Hotell.

Category

The following categories describe(s) Walaker Hotell:


Click on the link(s) above to find similar hotels in Solvorn.
Phone

Use the following telephone number to get in touch with Walaker Hotell:

(+47) 57 68 20 80
Website

Check the following website for Walaker Hotell:

News

What has happend at Walaker Hotell lately? Here you can find relevant news:

02/08/2019

Stor og flott utstilling med Ørnulf Opdahl, Annethe Østensen, Kristian Finborud, Astrid Grue og Karin Øvstedal. Utstillingar over 3 etg. Opent laurdagar og søndagar 12-17 Velkomne skal de vera :-)

16/05/2019

Velkomne til Solvorn🇳🇴

15/05/2019

Walaker Hotell er svært heldig som har Urnes stavkyrkje på så nær seg. Ynskjer Fortidsminneforeninga lykke til med planleggjinga av nytt senter :-)

26/04/2019

Årets Wittgenstein-seminar ved Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten er i gong! I dag feirar me også Wittgensteins 130-årsdag! Me gler oss til nok ei triveleg samling. Vel møtt til årets deltakarar! #walaker #walakerhotell #solvorn #wittgenstein #ludwigwittgenstein @knutolavamas @knutaastad

11/04/2019

Velkomne til årets første utstilling på Galleri Walaker 300! Opningsdag laurdag 13. april kl 13.00. Galleri Walaker 300 er i sitt 29ande år som kunstgalleri i år. Fleire av kunstnarane vil vera til stades ved utstillingsopninga, kl 13.. Enkel servering. Velkomne til oss!

04/04/2019

Sola skin og me opnar dørene for årets fyrste gjester! Hjarteleg velkomne til nye og gamle besøkande i 2019! Me ser fram til ein ny sesong. 🌞

08/03/2019

På denne viktige dag, åttande mars, kan vi vise til litt historie frå Solvorn og Sogn. Fleire sterke kvinner har jobba på Walaker Hotell opp gjennom åra. Les meir om sjuande generasjon hotellvertinne, Inga Nitter Walaker i denne delinga frå fylkesarkivet. «For eit engasjement, for ein glød, og breispektra samfunnsengasjement». Inga blei tildelt kongens fortenestemedalje i gull, for hennar utmerkingar. Ynskjer dykk all fortsett ein flott åttande mars!

07/03/2019

Helga 26.—28. april er det nytt Wittgenstein-seminar på vakre Walaker Hotell i Solvorn. Førelesarar er Wittgenstein-kjennar Knut Olav Åmås, filosofiprofessor Lars Fr. H. Svendsen og pianist og professor Tor Espen Aspaas. I tillegg til førelesingar blir det tur til Austerrike ved Eidsvatnet, heimen til Ludwig Wittgenstein, inne på Skjolden. To gonger forandra Ludwig Wittgenstein filosofihistoria si retning. Begge gonger sat han i Skjolden i Sogn og skreiv manuskripta som blei avgjerande for desse vendingane. «Grensene for språket mitt er grensene for verda mi», skreiv han ein gong. For meir info/ booking: www.walaker.com / [email protected] Tlf: 57 68 20 80

07/02/2019

Walaker Hotell søker etter hovmester & servitørar! Vil DU eller nokon du kjenner jobba på Noregs eldste hotell? Om du hjelper oss med å finna ein dyktig person til denne jobben, så vil de få ei fin gåve frå oss :-) Walaker Hotell treng dyktige servitørar og hovmester som snakkar godt norsk eller annet nordisk språk. Ein av Sogn og fjordanes beste restaurantar søker dyktig servitørar og hovmester med oppstart i april/ mai månad og varigheit ut september/ oktober Walaker Hotell har eit nytt og flott personalhus, kun 500 meter frå hotellet. På fritida har me kayaker og kano til låns. Naturen her byr på mange flotte turmoglegheiter, både på fjorden og til fots. Gode betingelsar for dan rette personen. Kanskje du kjenner nokon som kunne tenkja seg å jobba her? Gjerne del og lik, slik at me finn den rette ansatte for 2019! Send oss ein CV, e-post: [email protected] eller ring meg på 91809090. Mvh Ole Henrik Nitter Walaker

25/01/2019

Vi vil gratulere vinnarane av vår Valentin-konkurranse!!! Inger Lene Nyttingnes, Hildur L Hagen og Torunn Pallesen som vann overnatting, middag og champagnane på Walaker Hotell. For alle som dessverre ikkje vann denne gongen kan vi freiste med avslag på 448kr (1 kr pr. deling!)- på pakken, romantisk opphald, i perioden 1. april til 15. mai. Kontakt oss her på Facebook eller send oss ein mail til [email protected], for å nytte dykk av delingspremie-rabatten! Rabatten gjeld fram til 1. mars og må bli bestilt direkte hjå oss! Tusen takk til alle som deltok! Her er innslaga som gav premie i vår konkurranse: 1. Torunn Pallesen: Jeg ville gjerne sendt min datter Anne Christin Halstensen og hennes mann Magnus Halstensen til dette skjønne hotellet. De har 5 barn - har bygget hus i 5 år - nettopp flyttet inn og har ikke hatt ferie på maaaange år. De fortjener et romantisk opphold her i disse skjønne omgivelser!😍❤️ De er unike!💞💕 2. Hildur L Hagen: Skulle øngst att dattra mi Tove Helen med følge kunne fått seg ei frihelg på flotte Walaker Hotell , de hadde i tilfelle blitt den første på 7 år 💖 eg skulle stilt som barnevakt 💞 3. Inger Lene Nyttingnes: Kva med slike single som meg då? Skal ikkje vi ha det romantisk? Eg kunne til dømes tenkt meg å ta med Per Petterson... i bokutgåve. EKSTRA GEVINST! Tusen takk til alle som har kommentert, delt og likt! Så stor aktivitet fortjener ekstra gevinst! Vi vil trekke ut tre par (eller enkeltpersonar) på valentinsdagen! Håpar du vil fortsette med å dele og like, då kan det bli fleire gevinstar😉!! VINN EIT ROMANTISK OPPHALD PÅ WALAKER HOTELL! Walaker Hotell har blitt kåra til eit av Norges mest romantiske hotell av TripAdvisor for 2019! I dette høvet vil me gi eit framifrå romantisk opphald til TO tilfeldigt utvalgde par! Premien vil inkludere ei overnatting på Walaker Hotell, framifrå fire-rettars middag for to og ei flaske champagne. Kommenter kvifor nettopp du ynskjer denne gåva, og vær med i trekninga som skjer 14. februar klokka 14.00. Vinnarane vil bli offentleggjort innan utgangen av Valentinsdagen. Opphaldet må ta sted mellom 1. april og 16. mai 2019. Er du interessert i å sjå kva opplevingspakke som hjelpte oss til å få TripAdvisor prisen? sjekk ut vårt «Romantiske Opphald», ved å følgje linken under: https://www.walaker.com/opplevingspakkar-alle/romantisk-opphald Håpar du vil dele og like sida vår!

19/12/2018

Velkomne til Wittgenstein-seminar 2019 på Walaker Hotell Nye blikk på wienerkulturen. For niande gong velkomen til seminar i Sogn, 26.-28.4.19: https://www.walaker.com/walaker-wittgenstein-program Med bl a filosofiprofessor og forfattar Lars Fr. H. Svendsen og musikkprofessor og pianist Tor Espen Aspaas.

09/10/2018

Bli med i fordelsklubben til De Historiske 😊

18/09/2018

Velkomne attende til Solvorn i 2019. Sjå kor fint Solvorn Bygdalag har laga det på badestranda. Tusen takk til alle som har bidrege.

11/09/2018

Velkomne til kunstkurs 6 &7 okt.

17/08/2018

Skrivarkurs på Walaker Hotell 25-28 oktober 2018 med Sylfest Lomheim Kurset er for alle som arbeider i offentleg eller privat teneste. Målet er å gjera deltakarane flinkare til å skriva korrekt og god sakprosa. Talet på deltakarar er sett lågt, til maksisum 25 personar, slik at utbyte og kvalitet blir høgast mogeleg for dei som deltek. Påmeldingsfrist: 15. september 2018 Pris: 8950 kr, alt inkludert (overnattingar, måltider, kursavgift) Sjå elles dagsprogrammet* for kurset, og ta gjerne kontakt med Walaker hotell e-post: [email protected] telefon 57 68 20 80 https://www.walaker.com/opplevingspakkar-alle/skrivarkurs-med-sylfest-lomheim

13/07/2018

Velkomne til Walaker Hotell Sol og sommar. 21, 5 gr. i vatnet https://l.facebook.com/l.php?u=https%3A%2F%2Fwww.youtube.com%2Fwatch%3Fv%3DKshyEZ_Pc-8&h=AT12a0ylzCI9VApgU0uDcetA7Y5i50O79VJQTLR4CFSImnR78WdPiFIvaozUoCMTZEGwZHI3DiTPUCG9Kf3mi14CmNQfas48z8GpKCZEEEth_L4L4RlWO8KkrOa0EgqZIKdm1Q

13/07/2018

Galleri opning laurdag 14 juli kl 13 Velkomne til ny utstilling på Galleri Walaker 300 Nye opningstider: laurdagar og søndagar kl 12-17 Stengt måndagar til fredagar. Opent også kl 22 kvar kveld. Velkomne til galleriopning kl 13 Lett servering

Pictures

Here you can find pictures from Walaker Hotell:

Videos

Here you can find videos from Walaker Hotell:

Vi vil gratulere vinnarane av vår Valentin-konkurranse!!! Inger Lene Nyttingnes, Hildur L Hagen og Torunn Pallesen som vann overnatting, middag og champagnane på Walaker Hotell. For alle som dessverre ikkje vann denne gongen kan vi freiste med avslag på 448kr (1 kr pr. deling!)- på pakken, romantisk opphald, i perioden 1. april til 15. mai. Kontakt oss her på Facebook eller send oss ein mail til [email protected], for å nytte dykk av delingspremie-rabatten! Rabatten gjeld fram til 1. mars og må bli bestilt direkte hjå oss! Tusen takk til alle som deltok! Her er innslaga som gav premie i vår konkurranse: 1. Torunn Pallesen: Jeg ville gjerne sendt min datter Anne Christin Halstensen og hennes mann Magnus Halstensen til dette skjønne hotellet. De har 5 barn - har bygget hus i 5 år - nettopp flyttet inn og har ikke hatt ferie på maaaange år. De fortjener et romantisk opphold her i disse skjønne omgivelser!😍❤️ De er unike!💞💕 2. Hildur L Hagen: Skulle øngst att dattra mi Tove Helen med følge kunne fått seg ei frihelg på flotte Walaker Hotell , de hadde i tilfelle blitt den første på 7 år 💖 eg skulle stilt som barnevakt 💞 3. Inger Lene Nyttingnes: Kva med slike single som meg då? Skal ikkje vi ha det romantisk? Eg kunne til dømes tenkt meg å ta med Per Petterson... i bokutgåve. EKSTRA GEVINST! Tusen takk til alle som har kommentert, delt og likt! Så stor aktivitet fortjener ekstra gevinst! Vi vil trekke ut tre par (eller enkeltpersonar) på valentinsdagen! Håpar du vil fortsette med å dele og like, då kan det bli fleire gevinstar😉!! VINN EIT ROMANTISK OPPHALD PÅ WALAKER HOTELL! Walaker Hotell har blitt kåra til eit av Norges mest romantiske hotell av TripAdvisor for 2019! I dette høvet vil me gi eit framifrå romantisk opphald til TO tilfeldigt utvalgde par! Premien vil inkludere ei overnatting på Walaker Hotell, framifrå fire-rettars middag for to og ei flaske champagne. Kommenter kvifor nettopp du ynskjer denne gåva, og vær med i trekninga som skjer 14. februar klokka 14.00. Vinnarane vil bli offentleggjort innan utgangen av Valentinsdagen. Opphaldet må ta sted mellom 1. april og 16. mai 2019. Er du interessert i å sjå kva opplevingspakke som hjelpte oss til å få TripAdvisor prisen? sjekk ut vårt «Romantiske Opphald», ved å følgje linken under: https://www.walaker.com/opplevingspakkar-alle/romantisk-opphald Håpar du vil dele og like sida vår!

Wittgensteinseminar 2017

For sjuande gong inviterer Walaker Hotell og Knut Olav Åmås til Wittgensteinseminar, frå den 21.-23. april. Noko for deg? Spre ordet og del gjerne innlegget :) (Kryss av for HD-visning)

Walaker Hotell 2016

Walaker Hotell ynskjer alle eit godt nyttår! Tusen takk til alle som har besøkt oss i 2016, både på korte visittar og lengre opphald. Her er utbygging av restauranten i full gang, samt ein del andre forbetringar. Galleri Walaker 300 vil som tidlegare verta fyllt med spennande kunst av nye utstillarar til våren att. Me vonar så mange som mogeleg vil komma tilbake til oss, og me vonar at vinterens oppgraderingar vil falla i smak hjå deg. Kanskje du allereie no vil booka middag i vår nye glasveranda? Alle som ein er dykk hjarteleg velkomne tilbake til Solvorn og Walaker Hotell, for å dela vårt 377. år med oss. Me gler oss! Sjå smakebitar frå Walaker hotell i 2016 i videoen under. (Kryss av for HD-visning)

Me nærmar oss sesongslutt her på Walaker Hotell. Me har hatt nærare 10 000 besøkande innom galleriet i år! Tusen takk til kvar og ein! Har du enno ikkje besøkt galleriet? Ein av årets utstillarar er sjølvaste Kjell Nupen. Som mangen kjenner til - ein av landets viktigaste samtidskunstnarar. Kom innom oss for å beundra hans verk. Utstillinga held fram til 1. oktober. Vedlagt ligg ein film frå galleriåret 2016. Hugs å kryssa av for HD-visning. (Trykk på linken dersom du vil lesa meir om Kjell Nupen. https://www.fineart.no/kunstner/kjell-nupen )

Galleri Walaker 300

Velkommen til ny utstilling i Galleri Walaker 300! LIK OG DEL innlegget vårt, og du er med i trekninga av eit gavekort verdi 2600 kr, som kan brukast på Tove Holmøy sine verk! Vel møtt laurdag 16. juli klokka 13! (Hugs å kryssa av for HD visning)

Walaker Hotell i eit nøtteskal. Takk til Daniel Volle ved Vollefilms som har laga denne flotte filmen om hotellet. Kom på besøk til oss for sjølv å kjenna denne atmosfæren på kroppen.

Comments
Do you have any more information about this hotel?
Feel free to send us a message!


Restaurants nearby

Also check these Restaurants nearby:

Livdtun Kafe
Lambhaug 48, Marifjøra
Lille Marked
Closed
Strandgaten 39, Florø
Delis
La Voile fusion restaurant
Closed
Gate 1, 40, Måløy
Asian, Asian Fusion, European, French, Italian, Japanese, Sushi
Knutholmen
Kalvåg
Seafood
Stryn Kaffebar & Vertshus
Open
Tonningsgata 19, Stryn
Barbecue, Breakfast, Brunch, Burger, Diners, Hot Dogs, Pizza
Den gamle nabo førde
storhagen 7, Førde
American, Asian, Barbecue, Burger, European, French, Hot Dogs, Latin American, Mediterranean, Mexican, Middle Eastern, Pizza, Tex-Mex, Turkish
Kraftstasjonen
Open
Gt. 1, Måløy
Mjølkerampen
Open
Vadheimsvegen 19, Sande I Sunnfjord
Bakerie A/S
Closed
Sentrum, Bryggja
Breakfast, Brunch, Diners, Pizza, Sandwiches, Soul Food, Vegetarian
Hjørnevikbua Pub
Open
Strandgata 23, Florø
La Pergola
Open
Quality Hotel Sogndal - Gravensteinsgata 5, Sogndal
Barbecue, European, Italian, Pizza
Natas thaimat
Closed
Gate 1, nr 32, Måløy
Asian, Thai
Åmot
Åmot gard, Bygstad
Ciderhuset
Sjøtunsvegen 32, Balestrand
Pikant Restaurant & Bar
Open
Hafstadvegen 31A, Førde
Kaia
Dale ferjekai, Dale I Sunnfjord
Den gamle nabo florø
Open
strandgate 28, Florø
Isehaug Kafeteria
Closed
Perhusvegen 20, Stryn
Diners
Flam Marina and apartments
Vikjavegen 4, Flåm
Kafé Krydder
Closed
Parkvegen 6, Sogndal
Soul Food
Mama Mia / øvre årdal
Open
Store v 1, Øvre Årdal
Pizza
Restaurant Bambus
Storehagen 9, Førde
Kafe kandis
Closed
Hestenesgata 4, Florø
Thon Hotel Førde
Hafstadvegen 26, Førde
Bjørg's mat
Closed
Catering maritim park og kafé i gate 1 nr 42, Raudeberg
Hair salons nearby
Churches nearby
Real estate agents nearby